I Den eldre Edda blir dei norrøne gudane og heltane skildra i knappe og ofte gåtefulle vers. Mellom dei mest kjende gudekvada finn vi Håvamål, Voluspå, Skirnesmål, Balders draumar og Trymskvida. I kjempekvada får vi høyre om Nivlungane og Sigurd Fåvnesbane. Den yngre Edda vart skriven kring 1220, og Snorre har gjort levande mytar og namn som Odin, Tor, Midgardsormen, Brage, Frøya, Ragnarok og Helheim.