Barn og ungdom

Dystopia IV: roman

I denne fjerde og siste boka i Dystopia-serien er dei fire gjenlevande ungdomane komne bort frå dei verste flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane. Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel i Berlin for å få hjelp, men er han til å stole på? Og er det verkeleg ingen andre enn dei som veit om diamantane? Dystopia-serien er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.

399,00 kr
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.