Dystopia IV: roman

Barn og ungdom

Dystopia IV: roman

12–16 år
I denne fjerde og siste boka i Dystopia-serien er ungdommmane tilbake i ein sivilisasjon som fungerer, men handelsblokkaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel Erlend Rikosjett i Berlin, men kan han eigentleg hjelpa dei med å komma heim? Er han til å stole på? Er det verkeleg ingen andre enn dei fire ungdommane som veit om diamantane? DYSTOPIA IV ER EIN MOTORVEG AV EI LESAROPPLEVING, SKREDDARSYDD FOR UTOLMODIGE OG SPENNINGSGLADE LESARAR. Dette er fjerde boka i fireboksserien DYSTOPIA 2014.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185096
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.