Dystopia II: roman

Barn og ungdom

Dystopia II: roman

12–16 år
Dei seks ungdommane frå Stavanger på skuletur i England er no blitt til fem. Dei prøver desperat å kome seg heim, etter at dei er blitt bølgefaste i Cornwall. Scott prøver å få ein båt på vatnet, mens dei andre svermar for den rike Stan som lokkar med gull og grøne skogar. Kven kan ein eigentleg stole på? Og finst det ein skjult skatt på det gamle slottet på St. Michael's Mount? DYSTOPIA II ER EIN MOTORVEG AV EI LESAROPPLEVING, SKREDDARSYDD FOR UTOLMODIGE OG SPENNINGSGLADE LESARAR. Dette er andre boka i fireboksserien DYSTOPIA 2014.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185072
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.