Dragsug: kriminalroman

Skjønnlitteratur

Dragsug: kriminalroman

På ein skogstur finn journalist Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen, og Tarud og den drepne har ein ting felles, dei har begge søkt partnar gjennom Internett. Etter kvart får Tarud kjensla av at nokon også er ute etter henne. Er det den same mannen, eller har det samanheng med jobben hennar? Ho arbeidar med ein radiodokumentar der ho intervjuar pårørande til menneske dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar at ho blandar seg inn?
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176582
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.