Dragsug
Innbunden

Dragsug

På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen. Tarud har møtt henne eit par veker tidlegare _x0096_ på dansetreff for einslege _x0096_ og ho får ei stadig sterkare kjensle av at nokon er ute etter henne sjølv også. Som einsleg har ho søkt etter partnar på Internett. Tarud arbeider med eit radioprogram med pårørande til menneske som er dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar det ho arbeider med? Eller er det ein av mennene ho har møtt gjennom Internett? Kan det vere samanheng mellom drapet og det ho etter kvart opplever som trugsmål mot seg?

449,00 kr
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.