Dette er også Noreg: kommunal feelgood

Generell litteratur

Dette er også Noreg: kommunal feelgood

Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri? Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på. Vi møter Malin som er lærar på Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik, ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik. Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?
299,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194418
Jens Kihl
Om forfattaren

Jens Kihl

Jens Kihl (f. 1986) er målmann, journalist og forfattar. Han har vore kulturredaktør i Bergens Tidende sidan 2021, har tidlegare vore politisk kommentator i same avis. Før det jobba han i fleire år som politisk journalist i Klassekampen. Kihl fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2017. Han har tidlegare skrive bøkene Dette er også Noreg. Kommunal feelgood (2019) og Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! (2022) Kihl er frå Oslo, men bur i Bergen.

Sjå alle bøker av Jens Kihl →