InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Det som er sant: roman

Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen.

Denne romanen engasjerer lesaren frå første side og er ei høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding,
grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.
399,00 kr
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.