Det som ein gong var
Innbunden

Det som ein gong var

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt. Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.

Boka har sterke sjølvbiografiske trekk. Magnhild Bruheim fortel lett og humoristisk om barndommen og ungdomstida si i bygde-Noreg. Men ho skriv også ope om sorg og skuldkjensle i forholdet til ein far med psykiske problem. Magnhild Bruheim (f. 1951) bur på Lillehammer. Ho har gitt ut ei rekkje krimbøker for vaksne og ungdom.


429,00 kr
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.