Det kvite pulveret: spenningsroman

Barn og ungdom

Det kvite pulveret: spenningsroman

9–12 år
Anders finn ei svart pakke nede i fjøra. Ho viser seg å innehalde eit mystisk, kvitt pulver. Anders gøymer pakka i den hemmelege hòla, den berre han og dei tre vennene hans veit om. Men han er ikkje åleine: Ein mørkkledd mann ser alt som skjer, og begynner å følgje etter guten. Det som såg ut til å bli ein roleg og kjedeleg sommarferie saman med dei tre vennene, blir i staden eit dramatisk møte med ein livsfarleg smuglarliga. Det kvite pulveret er ei bok om sommar, sol og narkotikasmuglarar. Ein spenningsroman for dei frå 10 år. Les også Skatten i Skutevika og Fangar i natta, om dei same fire vennene. Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191844
Atle Hansen
Om forfattaren

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.