Selma Salingers rutineprega liv blir snudd på hovudet då Paul Lund flyttar attende til bygda. Ein gong skulda ho Paul for eit alvorleg brotsverk, men han blei frikjend. Det vonde frå den gongen tek igjen overhand i livet til Selma, og ho går drastisk til verks for å gjere opp for fortidas urett. Men er Selmas versjon av kva som skjedde, den rette? Og viss ikkje, kva følgjer får det for henne sjølv, for dottera og for ektemannen?
Det gode vi ikkje gjer er Ragnhild Koldens fjerde roman. Den låner element frå både kriminalromanen og den psykologiske thrilleren, og er ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld.
Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med I krig og kjærleik, om dobbeltagentverksemd under 2. verdskrigen. Ho følgde opp med Krigens skugge i 2012, og avslutta krigstrilogien om søstrene Vik med Fredens frosne hjarte. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.
Sitat frå melding
Du kan lese boka som en psykologisk thriller eller som en knakende god bok om selve livet.
Jon Åge Fiskum, Trønder-Avisa
Ragnhild Kolden treffer blink med denne romanen. Den fungerer slik en psykologisk thriller skal, ved ikke å røpe for mye innledningsvis, og bevare spenningen tvers gjennom. Spenningen er sitrende.
Espen Grønlie, Dagbladet
Fin psykologisk thriller ... Spanande forteljing om krafta i undertrykt sinne. ... Det gode vi ikkje gjer er ei overbevisande utforsking av eit plaga sinn. Romanen viser korleis smertefull innsikt kan setje seg som diffus verk i kroppen, og korleis overleving gjennom fortrenging kan fungere.