Den uendelege reisa
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Den uendelege reisa

Klok og spennande roman om redsla for den siste reisa. William og bestefar har lagt ut på ei reise saman til Egypt, men før reisa kjem i gang, blir bestefar påkjørt, og William blir kasta ut i eit eventyr på liv og død heilt åleine. Den uendelege reisa er ei magisk-realistisk forteljing som tek lesaren med inn i egyptisk mytologi og bergenske Williams uendeleg store redsel for å døy. Den uendelege reisa er Erna Oslands andre bok om reiser. Den farlege reisa var den første.

399,00 kr
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.