Den farlege reisa
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Den farlege reisa

Far til Sanna er på sporet av eit middel mot aldring og tek Sanna med på ei strabasiøs reise. Faren kjem på kant med både folk og dyr, ikkje minst den grufulle krokodilledronninga. Faren blir borte, og Sanna må oppspore han. Heldigvis får ho hjelp av Maam, ei mor som har hender som hugsar og den unge son hennar, Foten som ser. Avgjerande er også støtta frå Guten heilt utan far, og råda og den magiske fjøra frå Fuglemannen. Når reisa er slutt, har Sanna lært både seg sjølv og faren å kjenne på ein ny måte.

399,00 kr
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.