Den beste hausten er etter monsun
Innbunden

Romanar og noveller

Den beste hausten er etter monsun


Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast _x0096_ og smake godt.


Gjennom å skildre alt fra dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho let kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet.


429,00 kr
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.