Dekameronen: 13 historier
E-bok

Skjønnlitteratur

Dekameronen: 13 historier

Omsett frå italiensk
Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar i nytt utval. Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar underheld dei kvarandre med å fortelje historier. Dette er ramma for «Dekameronen», eit ord som på norsk kan omsetjast til «Dei ti dagane». Storverket frå 1353 omfattar 101 historier på nærare 1000 sider. I dette utvalet finn du tolv av dei forrykande forteljingane. Vi har òg teke med eit utdrag fra. Boccaccios skakande vitnesbyrd frå pesten i Firenze. Boccaccios historier har mykje til felles med eventyra - dei handlar om kløktige tenestefolk og dumme herrar, om lausaktige kvinnfolk og kåte elskarar. Dei spenner frå erotikk til satire, frå det tragiske til det komiske, frå røff humor til livsvisdom. «Dekameronen» vert rekna som verdas første novellesamling og er ein grunnstein og eit vendepunkt i verdslitteraturen. Boka er eit av verdas mest betydelege verk og har inspirert forfattarar som Geoffrey Chauser, William Shakespeare, Miguel de Cervantes og Jonathan Swift. Meir enn noko anna er dette eit skattkammer av gode soger. Til norsk ved Magnus Ulleland. Utval og føreord ved Jon Rognlien.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003738
GB
Om forfattaren

Giovanni Boccaccio

Giovanni Boccaccio (1313–1375) var ein italiensk diktar og humanist. Han skreiv i mange sjangrar, og er mest kjend som forfattar av Dekameronen.

Boccaccio reiste som kremmar rundt i Italia og samla legender og skrøner. Han beundra Dante Alighieri og var nær ven av Francesco Petrarca. Dekameronen har vore filmatisert tallause gonger. Mest kjend er Pier Paolo Pasolinis versjon frå 1971 som òg gjorde stor suksess på norske kinoar.