Dei blå revane
Innbunden

Dei blå revane

Med forteljande dikt og dikt som er små observasjonar og stemningar, med tøysevers og alvorsvers, rimlause dikt og dikt på rim, ei frodig blanding i ei samling prega av vidd og overskot. Teikningane utdjupar tekstene slik berre Belsvik kan det. Forfattaren har tidlegare gitt ut bøker innanfor sosialantropologi. Dette er hennar første barnebok.

349,00 kr
Mary Bente Bringslid
Om forfattaren

Mary Bente Bringslid

(f. 1955) er forfattar og sosialantropolog. Ho debuterte med Dei blå revane i 2003, ei samling dikt for barn som ho fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin debutantpris for. Bringslid gav i 2006 ut si andre bok, Hunden Parabol tenkjer på månen. Boka var ei ny samling med underfundige, poengterte og språkleikande dikt for barn. I Stankelbeinskrift frå 2009, beveger ho seg i ei meir vilter retning, og diktar i tradisjonen etter Inger Hagerup og André Bjerke. Bringslid er frå Molde og bur i Bergen. Ho er utdanna cand. polit. og har sidan 1996 vore førsteamanuensis ved Institutt for sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.