Hunden Parabol tenkjer på månen
Innbunden

Hunden Parabol tenkjer på månen

Dei fortel om tankar og funderingar som både bussar, steinar, lauv og blomar held seg med, og aller mest fortel dei om ulike dyrs personlegdom og filosofi:

HundetruMånen ja, seier hunden,den heng der på himmelen og ventar på ulDet er difor den er så stilleDet er difor den er så gul
349,00 kr
Mary Bente Bringslid
Om forfattaren

Mary Bente Bringslid

(f. 1955) er forfattar og sosialantropolog. Ho debuterte med Dei blå revane i 2003, ei samling dikt for barn som ho fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin debutantpris for. Bringslid gav i 2006 ut si andre bok, Hunden Parabol tenkjer på månen. Boka var ei ny samling med underfundige, poengterte og språkleikande dikt for barn. I Stankelbeinskrift frå 2009, beveger ho seg i ei meir vilter retning, og diktar i tradisjonen etter Inger Hagerup og André Bjerke. Bringslid er frå Molde og bur i Bergen. Ho er utdanna cand. polit. og har sidan 1996 vore førsteamanuensis ved Institutt for sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.