Bymusikantane i Bremen

Janosch | Janosch | Ragnar Hovland

Den verdskjende og mykje omtykte tyske teiknaren og forfattaren av ei lang rekkje populære biletbøker for barn fyller 75 år i mars 2006. Vi feirar vårt lange og lykkelege bok-samliv (sidan 1977) med å gi ut hans nyaste arbeid: Ei gjenforteljing og nyillustrering av eit av Brørne Grimms mest kjende eventyr : Die Bremer Stadtmusikanten.

Først eselet, og etter tur hunden, hanen og katten legg i veg mot byen Bremen, for å livberge seg som gatemusikantar. Då det kveldar og dei ser seg om etter husrom, kjem dei forbi eit hus fullt av røvarar. Med suveren taktikk greier dei å skremme vekk røvarane, slår seg ned ved det velfylte bordet deira og gjer som dei er heime. Og dette blir heimen deira frå då av. Berre av og til, når dei treng litt pengar, dreg dei inn til Bremen og spelar på torget der.

Vi feirar Janoschs 75-årsdag i mars 2006 med utgiving av denne boka, som er heilt ut i Janoschs ånd, så vidt vi kan forstå. Først eselet, og etter tur hunden, hanen og katten legg i veg mot byen Bremen, for å livberge seg som gatemusikantar. Då det kveldar og dei ser seg om etter husrom, kjem dei forbi eit hus fullt av røvarar. Med suveren taktikk greier dei å skremme vekk røvarane, slår seg ned ved det velfylte bordet deira og gjer som dei er heime. Og dette blir heimen deira frå då av. Berre av og til, når dei treng litt pengar, dreg dei inn til Bremen og spelar på torget der.


ISBN: 9788252168334

Kategoriar: Janosch

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Janosch