InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Byggebøll

6–9 år
Ny bok i serien om Besta og Bo! Besten og Bo skal bygge hytte. Men Besta vil også vere med. For å vise kor raskt ho kan lage ei hytte i treet, bruker Besta teip istadenfor spikar. Men kva skjer når det plutseleg begynner å blåse? Byggebøll er ein del av Samlagets Leseland, for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjent for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fengar barnelesaren.
249,00 kr
Sider
35
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005077
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.