B

Skjønnlitteratur

Brakk: roman

Geir er nitten år og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på Geir. Geir må til slutt konfrontere seg sjølv med eit val som for han er eksistensielt: Skal han levere alle dyra og avvikle drifta, eller skal han berre levere dei slakteferdige og halde fram? Brakk er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga (2003).
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176971
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.