InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Bomulv

3–6 år
Vakkert om vennskap Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule. Han er ikkje like sterk som dei andre, og han ser ikkje ut som dei andre. Og no er han lei av å late som han er lik dei andre ulvane. Bomulv må vekk, og bestemmer seg for å forlate flokken og finne ut kva som er på den andre sida av skogen. Bomulv er ei bok om uventa vennskap og om kva det eigentleg vil seie å vere modig.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187649
Njord V. Svendsen
Om forfattaren

Njord V. Svendsen

NJORD V. SVENDSEN (f. 1973) kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og bur i Bergen. Svendsen har meir enn 30 års erfaring som journalist og jobbar i dag i Khrono. Han har fått fleire prisar for arbeidet sitt, blant anna NTBs språkpris og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2016 gav han ut barneboka Bomulv (ill. Akin Duzakin).