InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Bo flyttar ut

3–6 år
Sprelsk bildebok om å føle seg oversett! Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden fl ytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre éin ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass. Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192179
Trude Tjensvold
Om forfattaren

Trude Tjensvold

Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.