Blodsungen

Barn og ungdom

Blodsungen

9–12 årOmsett frå dansk
«Nokre dyr er farlege. Nokre dyr kan drepe deg!» Var det opp til mor til Clara, ville nok aldri Clara blitt villheks. Ho er redd for at det skal skje noko med Clara, og det skal det vise seg at ho har god grunn til. Den ville verda er ein farleg stad ? ikkje minst no som Bravita Blodsunge er i ferd med å bryte ut av fengselet som har halde henne fanga i 400 år ... Blodsungen er fjerde boka i serien om Clara. Villheks-serien handlar om Claras kjærleik til dyr, og den harde kampen ho kjempar for å overleve som villheks, i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Les også Eldprøva, Viridians blod og Kimæras hemn, dei tre første bøkene i Villheks-serien. Eldprøva blei kåra til beste barnebok av danske barn i 2012!
249,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183665
Lene Kaaberbøl
Om forfattaren

Lene Kaaberbøl

f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.