Blå fuge for far min
Innbunden

Blå fuge for far min

Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba i april 1940, og faren flyktar med musikkinstrumenta sine, Keisar Wilhelm 2. kjem på sommarbesøk, og kunstnaren Kurt Schwitters kjem til skomakarverkstaden med dei utgåtte skorne sine.

429,00 kr
Grete Kleppen
Om forfattaren

Grete Kleppen

(f. 1953) er frå Molde og bur i Frankrike. Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk, mellom anna romanar av Hélène Cixous, og i 2007 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Blendverk. Opphavlege scenar. Kleppen omsette den mykje omtala boka Kort historie om framtida av Jacques Attali i 2009, og i 2010 kom omsetjinga av Lubna Ahmad al-Husseins 40 piskeslag ut til gode kritikkar. Som skjønnlitterær forfattar er Kleppen ein leikande og fantasifull forteljar. I debutromanen Ada (1998) lèt ho førestellinga om livet som forteljing vere grunnlag for eksperimentering, mens ho i H (1999) tèk utgangspunkt i ei reise og utforskar roller og identitet. I Blå fuge for far min (2010) gir ho eit varmt portrett av far sin, gjennom å skildre små episodar frå barneåra i Molde. Uventa vendingar er Grete Kleppens fjerde roman.