Grete Kleppen
(f. 1953) er frå Molde og bur i Frankrike. Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk, mellom anna romanar av Hélène Cixous, og i 2007 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Blendverk. Opphavlege scenar. Kleppen omsette den mykje omtala boka Kort historie om framtida av Jacques Attali i 2009, og i 2010 kom omsetjinga av Lubna Ahmad al-Husseins 40 piskeslag ut til gode kritikkar. Som skjønnlitterær forfattar er Kleppen ein leikande og fantasifull forteljar. I debutromanen Ada (1998) lèt ho førestellinga om livet som forteljing vere grunnlag for eksperimentering, mens ho i H (1999) tèk utgangspunkt i ei reise og utforskar roller og identitet. I Blå fuge for far min (2010) gir ho eit varmt portrett av far sin, gjennom å skildre små episodar frå barneåra i Molde. Uventa vendingar er Grete Kleppens fjerde roman.
Utgivingar av forfattaren
Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba
Les meir …
Blå fuge for far min
Hovudpersonen i denne romanen heiter H, ein gåtefull person med skodespelarrøynsle og ein elles tvitydig bakgrunn. Ho er på veg vekk til noko nytt, eit nytt liv i
Les meir …
H
Ein forfattar skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt i land og bryt
Les meir …
Uventa vendingar
Leikande og fantasifull forteljing Ein forfattar skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt
Les meir …

