InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Bjørkebokstavar

6–9 år
Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet. Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng.
199,00 kr
Sider
64
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184839
Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: