Bitterhonning blues

Thore Eithun Helland

Kva gjer du når du er skikkeleg lei av ho du bur saman med? Du vil ha øl og nye damer, sambuaren vil ha hus og barn

Anders er ein ung mann som ikkje vil binde seg, Silje er ei kvinne som vil ha barn. Ein dag bryt Anders ut av forholdet til Silje, stikk av til Norheimsund og får jobb som resepsjonist på Norheimsund Fjord Hotel. Denne sommaren skal hotellet drivast av rundbrennaren og profitøren Angell, som også har tilsett den aggressive kokken Benny og gardsguten Steinar. I resepsjonen jobbar også tippegale Peder og kunstnaren Bernt, som brukar nattevaktene til å måle nakne kvinner.

Også Anders er oppteken av kvinnene, og den viktigaste blir Dagni, som arbeider på hotellet. Men livet blir ikkje lettare for Anders, for forholdet til Dagni blir komplisert, det skiftar frå dag til dag, frå time til time. Til slutt vender han tilbake til Oslo, til ei stilling i departementet og til den gifteklare sambuaren. Men fortida innhentar han, og han blir tvungen til å ta eit val.

Thore Eithun Helland er fødd i Sogndal i 1965 og er oppvaksen fleire stader i landet, mellom anna i Norheimsund. Han er jurist og arbeider som rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet. Han har tidlegare jobba som resepsjonist på Norheimsund Fjord Hotel. Bitterhonning blues er den første boka hans.

Frå Bokmeldingar

”Velskrevet og behendig strukturert.”
, Aftenposten

”Etter hvert blir du ganske hekta.”
, Dagbladet

”Om den honningsøte kjærligheten som kan smake så bittert”
, Henne

”Høg klasse. Det er svært lenge sidan eg har funne ei slik skildring hjå ein debutant.”
, Varden


ISBN: 9788252163735

Kategoriar: Pocket, Thore Eithun Helland

Emneknagg: 2004, Pocket,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Thore Eithun Helland