Rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg inn i den gamle Volvoen, ringjer faren. Edgar Evjo har gjeld til langt over pipa etter å ha vore involvert i eit mislykka hotellprosjekt saman med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen Vanagas har gitt Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner. Men Edgar manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på seg å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik med på laget, lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har ingen sperrer, og han har ein dristig plan.
Ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.