Billie: roman

Skjønnlitteratur

Billie: roman

Omsett frå fre
Berre den som har falle, kan lære å fly Billie og Franck er to utskot, som på underleg vis finn saman. Ho er frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Og medan Billie strever med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande - akkurat slik vi liker Gavalda. Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje lèt fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Frå bokmeldingar (terningkast 5) «Anna Gavaldas Billie er feelgood-lesing på høgt nivå.» May Grethe Lerum, VG «Som en pose drops (...) De små vendepunktene, kunsten å suge på en sjelden karamell en stund til, det ekte vennskapet. Varmt, morsomt og veldig godt oversatt fra fransk. Anbefales!» Elsebeth Danielsen, Kamille «Dette er en skjønn liten roman som kroket seg godt fast, dypt inne i hjertet mitt. (...) Denne romanen kan ikke kalles annet enn herlig.» http://tinesundal.blogspot.no/2014/08/billie-ny-bok-fra-anna-gavalda-som.html
329,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185324
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.