InnbundenFleire format

Generell litteratur

Betzy Kjelsberg: feminist og brubyggjar

Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866-1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre
og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919. Kanskje var ho også den første kvinna som irettesette ektemannen sin frå talarstolen på eit offentleg møte - iallfall i Drammen?

Lista over alt Kjelsberg var først med er lang. Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine.
429,00 kr
Magnhild Folkvord
Om forfattaren

Magnhild Folkvord

(f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2015 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland. I 2013 gav Folkvord ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg.