Fredrikke Marie Qvam: rabaldermenneske og strateg
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Fredrikke Marie Qvam: rabaldermenneske og strateg

Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.
479,00 kr
Sider
319
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183009
Magnhild Folkvord
Om forfattaren

Magnhild Folkvord

(f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2015 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland. I 2013 gav Folkvord ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg.