Barça: i kamp sidan 1899
FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene.
I boka "Barça. I kamp sidan 1899" går forskaren og fotballentusiasten Johannes Nymark på jakt etter klubben sin eigenart. Han fortel levande og kunnskapsrikt om kvifor el Barça er annleis enn andre fotballag og korleis klubben er knytt til katalansk politikk, kultur og samfunn. Området stod tidleg for modernitet, fridom, demokrati og kosmopolitisme, som også blei berebjelkar for FC Barcelona sin identitet. Nymark viser gjennom sentrale personar i klubben, mellom andre Cruyff, Maradona, Messi og Guardiola, korleis klubben har fått den identiteten katalanarane i dag forbinder med el Barça. Men kva gjer den nye økonomien med FC Barcelona si opphavlege sjel? Vil hopehavet med diktaturet Qatar gjera slutt på klubben sin identitet?
Johannes Nymark (f. 1949) er førsteamanuensis emeritus ved NHH, der han har undervist i spansk språk,og historie, kultur og samfunn om Spania og Latinamerika ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.
Sitat frå melding
["«Nymark har gjort eit framifrå arbeid. I form og stil minner Barça: i kamp sidan 1899 om eit essay . slentrande
men full av intellekt og spennande idéar. Heseblesande anekdotar og små detaljar bli vovne saman til eit oversiktleg bilete. Nørding er alltid kult!» - Magnus Rotevatn
Framtida "
"«Det er klubben si sjel som er i fokus
hjå ein klubb som nærmar seg 125 år. ( ... ) Ei bok til kunnskap og mykje ettertanke!» - Paul Odland
Dagen "
"«Forfatterens artige personlige anekdoter og omfattende kunnskap om katalansk kultur og samfunn bidrar til å gjøre boken både underholdende og tankevekkende. Selv om Nymark skriver engasjert og lidenskapelig om klubben
fremstår fortellingen alltid som saklig og nyansert. ( ... ) Selv for den beleste og ihuga Barça-supporter vil nok boken være god lesning.» - Tord Solhaug
Blaugrana.no "
"«Nymark har skrevet en interessant bok om en av verdens største klubber. Den viser hvor stor sosial betydning klubben har for katalanerne og får fram de politiske spenningene i landet. Særlig har boka potensial til å vekke nysgjerrighet hos mange unge som følger Barcelona tett hver helg
men som kanskje ikkje kjenner betydningen bak klubbens motto.» - Peder Samdal
Klassekampen "]
Bla-i-boka
Johannes Nymark
(f. 1949) er førsteamanuensis emeritus ved NHH, der han har undervist i spansk språk,og historie, kultur og samfunn om Spania og Latinamerika ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO