Generell litteratur

Apens år

Omsett frå engelsk
««Eg tenkjer på Joan Didion og nikkar denne inn i det du må lesa i karantena: Berre det å sjå folk treffast over ein kopp kaffi, i ein bil, på ein rutebilstasjon: Det er vakkert og underleg.»»
— Vidar Kvalshaug, BOK365
Frå forfattaren av «Just Kids» og «M Train». «Alt kan skje, det er trass i alt apens år», seier ein framand til Patti Smith. Året er 2016, og det skal bli eit år som endrar alt. I februar byrjar ifølgje kinesisk astrologi apens år. Ein gåtefull syklus som ber med seg brå og overraskande hendingar, uro og ugagn. Patti Smith opplever ei djup sorg ho ikkje kan flykte frå. For Patti Smith, som er grunnleggande nysgjerrig og alltid utforskande, gir det å skrive seg gjennom dette året dyrebar innsikt i tap, alderdom og eit dramatisk skifte i det politiske landskapet i USA. Smith tar oss med frå det sørlege California til ørkenen i Arizona, ho pendlar mellom den sjuke vennen Sam Shepard på ein gard i Kentucky og sjukehuset der vennen og mentoren Sandy Pearlman ligg i koma. Som alltid blir det også eit par turar innom New York. I denne uforgløymelege boka smeltar fakta og fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. «Apens år» er fengslande og elegant, ein prøvestein for turbulente tider. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete.
299,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001741
Patti Smith
Om forfattaren

Patti Smith

Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010. Den foreløpig siste utgivinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).