Alt inkludert: roman

Skjønnlitteratur

Alt inkludert: roman

Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja på 6 år inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, venner eller møblar. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på FINN, på leit etter møblar og andre ting dei treng. Ein fellesskap oppstår med menneska i huset, gata og nærområdet, og til å begynne med manøvrerer Agnes greitt gjennom dagane. Men når pengane minkar, løgnene blir fleire og skulestart nærmar seg, blir omgangen stadig meir utfordrande. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, av utanforskap og fellesskap, og av korleis ein lever nedlest av ting, på evig jakt etter meir.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187779
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: