Aldri tilfreds

Barn og ungdom

Aldri tilfreds

Omsett frå fransk av Tove Bakke

12–16 år
Aurora synest livet er så gørr kjedeleg at ho bestemmer seg for å skrive dagbok. Ho meiner at ingenting skjer, men lesaren ler høgt med henne når ho skriv om dei irriterande systrene sine, den teite faren, den nysgjerrige bestemora, den håplause lærarinna og den smellvakre guten ho ikkje veit namnet på. Marie Desplechin er ein fransk forfattar og journalist, og ho har skrive over tretti bøker for barn og unge. Boka er omsett av Tove Bakke.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Tove Bakke
ISBN
9788252191615
MD
Om forfattaren

Marie Desplechin

Marie Desplechin er fødd i 1959 i Roubaix og bur i Paris. Etter å har arbeidd nokre år som journalist og som informasjonsmedarbeidar i næringslivet, gav ho ut den første boka si, Le sac à dos d_x0091_ Alphonse, i 1993. Etter dette har ho gitt ut over tretti bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har også skrive filmmanus og eit teaterstykke. Ho fekk eit gjennombrot med romanen Verte i 1996. Marie Desplechin har mottatt fleire store prisar og bøkene hennar er omsette til fleire språk. Ho er ein politisk engasjert forfattar og særleg engasjert i fredsarbeid. Ho skriv også jamnleg artiklar i magasinet L_x0091_ Express.