Like sint

Barn og ungdom

Like sint

Omsett frå fransk av Tove Bakke

12–16 år
Franske Dagbok-Aurora er her igjen! Ho skriv i same vittige og fortvilte stil om det elendige, håplause livet sitt. Ho vil vekk, og det for alt i verda! Reise! Rømme! Like sint er ein energisk oppfølgjar til den humoristiske boka Aldri tilfreds - Auroradagbøkene 1. Marie Desplechin er ein fransk forfattar og journalist, og ho har skrive over tretti bøker for barn og unge. Boka er omsett av Tove Bakke.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Tove Bakke
ISBN
9788252191608
MD
Om forfattaren

Marie Desplechin

Marie Desplechin er fødd i 1959 i Roubaix og bur i Paris. Etter å har arbeidd nokre år som journalist og som informasjonsmedarbeidar i næringslivet, gav ho ut den første boka si, Le sac à dos d_x0091_ Alphonse, i 1993. Etter dette har ho gitt ut over tretti bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har også skrive filmmanus og eit teaterstykke. Ho fekk eit gjennombrot med romanen Verte i 1996. Marie Desplechin har mottatt fleire store prisar og bøkene hennar er omsette til fleire språk. Ho er ein politisk engasjert forfattar og særleg engasjert i fredsarbeid. Ho skriv også jamnleg artiklar i magasinet L_x0091_ Express.