Adam Hiorths veg: roman

Skjønnlitteratur

Adam Hiorths veg: roman

Ein syklande Don Quijote i sprek miljøroman! Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth. Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er ikkje så bein som han ein gong var. Spørsmåla har ingen enkle svar, og det mørknar i horisonten. Kor mange motbakkar og kor mykje juling vil dei to klare å takle før ferda endar?
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252180091
Brit Bildøen
Om forfattaren

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.