InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

63 måtar å elske deg på: roman

Saknet etter far. Ti år gammal får Gabriella vite at far hennar ikkje er far hennar likevel. Det finst ein genetisk-biologisk far. Han bur ein busstur unna, og han er tyrkisk. Betyr det at ho ikkje er norsk? Først då mor hennar døyr, tek Gabriella kontakt. Ho er 15 år og treng ein far. Korleis skal ho elles bli heil att? Men faren har fire søner og treng inga dotter. Som vaksen bestemmer Gabriella seg for igjen å oppsøkje faren, som no har flytta attende til eit Tyrkia der tilhøyrsle ikkje er noko ein kan ta for gitt. Ho tek med seg dottera på fire år og reiser til den vesle landsbyen Tokaçl. heilt sør i landet, på grensa til Syria. «63 måtar å elske deg på» er ikkje ei bok om forsoning. Monica Bjermeland skriv innsiktsfullt og levande om mot, kulturforskjellar og om å stå opp for den ein er.
429,00 kr
Sider
232
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252199147
Monica Bjermeland
Om forfattaren

Monica Bjermeland

Monica Bjermeland (f. 1975) kjem frå Vestnes. Ho bur i Oslo og arbeider ved HL-senteret. 63 måtar å elske deg på er den første romanen hennar.