1-2-TRE
Innbunden

1-2-TRE

Venninnene Asta, Guro og Linnea bur på øya Snerken utanfor Kristiansund. No er det første sommarferiedag og tid for miljøvernklubben Tre. Klubbhuset er ei trehytte i det einaste treet på den forblåste holmen. I dag er havet så høgt at øya nesten flaumar over. Det er berre ein meter frå husa og ned til havet! Klubben vil stoppe flaumen. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Sommaren går difor til å lage Noahs ark. Dei prøver å samle lamaer, insekt og kjærastpar til hytta.

I Mette Karlsviks første barnebok følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.

349,00 kr
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.