InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Dei tilsette

Omsett frå dansk
«Dystopilitteraturen tas til nye høyder med den danske forfatteren, kritikeren og forlagsredaktøren Olga Ravns science fiction-roman «Dei tilsette».»
— Dagbladet
Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda. Besetninga på det sekstusende skipet består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekkje gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å knyta sterke band til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekkjer gjenstandane minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom dei sjølve og omgivnadene, mellom menneske og ting. «Dei tilsette» er ein science fiction-idéroman om bioteknologi, kunstig intelligens, klimautfordringar og arbeidsvilkår, og om kva det vil seia å vera menneskeleg. Boka er kompromisslaus i møte med eit av vår tids mest presserande spørsmål: Kva vil skje med menneskeverdet i eit samfunn basert på effektivisering og stadig aukande vekst? Til norsk ved Inger Bråtveit. «Dei tilsette» er kortlista til Den internasjonale Booker-prisen 2021.
429,00 kr
Sider
130
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001697
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«"Dei tilsette" er en uvanlig sterk og dypt fascinerende bildegjøring, nesten et prosadikt, som reiser fundamentale spørsmål om menneskets vilkår i en stadig mer digitalisert fremtid. [.] I forlengelsen av en slik tanke blir fortellinger som den Olga Ravn leverer med "Dei tilsette" av uvurderlig verdi for oss.»

— Vårt Land

«Det som imidlertid gjør romanen så leseverdig, er at den på poetisk vis synliggjør tendenser som allerede brer om seg i vårt arbeidsliv, som stadig høyere produksjonstempo, identitetsutslettende forestillinger om «lojalitet til organisasjonen»»

— Klassekampen

Olga Ravn
Om forfattaren

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

 

 

Sjå alle bøker av Olga Ravn →