InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Harry og Ivars detektivbyrå

Harry og Ivar er tilbake!
Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, då får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til.
Godt nytt: Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det detektivlaget som løyser saka. Og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv.
Dårleg nytt: Laget til Harry, HARRYS GRANDIOSA DETEKTIVBYRÅ, går for ei anna sak. Dei vil finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen.
Berre ein ting er sikkert: Her er ugler i termosen!

Illustrert av Per Dybvig

Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk.

Les også:
Harry og Ivar finn opp krutet
Harry og Ivar i Junaited Statesen
Harry og Ivar tryllar jula inn
399,00 kr
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.