Harry og Ivar finn opp krutet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Harry og Ivar finn opp krutet

9–12 år
Harry og Ivar er to sære typar som leiger eit gammalt tømmerhus i utkanten av byen. Der bur også hunden Kåre Albert, som etter kvart spelar ei viktig rolle i denne ville forteljinga. Ein dag kjem eigarinna0 av huset for å kaste dei ut, fordi ho vil selje. Dette er verkeleg krise, for sparegrisen er tom, og kvar skal dei få pengar frå om dei vil kjøpe? Dei må klare å vinne den utlyste oppfinnarkonkurransen som dei les om i avisa. Harry vil finne opp ein kjempekinaputt, og hånar Ivar - som på si side allierer seg med ein ekte oppfinnar.
199,00 kr
Sider
104
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252163025
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.