InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Splintra: roman

12–16 år
«Hilde Myklebust har klart å skildre ungdomstida med alle kjenslene og tankane ho inneber. Sorg og smerte og glede og kjærleik snirklar seg inn mellom kvarandre og vekslar på å ta størst plass. Gjennom Mia får vi opple...»
— Nynorskbok.no
Lukkeleg og full av sorg. Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik. Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner. Så blir Are sjuk. Veldig sjuk. «Splintra» er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid. I 2022 blei boka nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. «Splintra» har fått ei rekke gode meldingar.
349,00 kr
Sider
287
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006876
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Myklebust skriver nært og troverdig om å begynne på videregående på andre sida av fjorden og samtidig miste sin beste venn. Om å oppdage og omfavne livet på musikklinja og innse at du elsker det du holder på med . og samtidig ha en som elsker deg som snart skal dø. Det er trist, litt julete og håpefullt på samme tid.»

— Periskop

«I skildringa av dette kaoset av kjensler, motløyse, sorg, redsle og sjølvbebreiding er det Hilde Myklebust viser kva er god for som forfattar. (...) Splintra er ei sterk, vond, vakker og velskriven forteljing.»

— Synste Møre

Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: