Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? At plantane sender signal til kvarandre under bakken? Og korleis snakkar eigentleg mauren?
Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om alle dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei saman, alle dei som bur i skogen?
Trude Tjensvold har laga ei gjennomillustrert sakprosabok for dei aller minste lesarane, men også for alle dei som er glade i naturen rundt oss.
Sitat frå melding
«Det er en struktur som gir driv og retning, og som vekker nysgjerrigheten igjen og igjen, med en fruktbar kontrast og vekselvirkning mellom poesi og fakta» - Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen