InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ein venn som meg: roman

12–16 år
«Carla og Sofie blir soloppgangar for kvarandre, slik .Ein venn som meg. kan bli ein soloppgang for lesaren.»
— Bergens Tidende
Prisnominert forfattar med ny ungdomsroman. Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytta frå øya og begynne på vidaregåande. Så kjem det ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla? Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setja heile vennskapet i fare. Kan Sofie greie å vera ein ordentleg venn? Ein av våre fremste ungdomsbokforfattarar er tilbake. Helene Guåker har blitt nominert til Brageprisen for begge dei to siste ungdomsromanane sine. No er ho aktuell med «Ein venn som meg». Terningkast 5! Carla og Sofie blir soloppgangar for kvarandre, slik .Ein venn som meg" kan bli ein soloppgang for lesaren. - Janne Karin Støylen, Bergens Tidende
349,00 kr
Sider
187
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006852
Helene Guåker
Om forfattaren

Helene Guåker

(f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, og i 2020 blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Den førre boka hennar, Stella står i det (2025), blei nominert til Kritikarprisen. Stella seier sanninga (stort sett) (2026) er den siste boka hennar.

Foto: Sara Sanderud