InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Alexander er forelska i Live

12–16 år
«Det liknar på den nye guten på idrettslina», seier læraren. Han står bak meg og ser på at eg lagar ei skisse med blyant på eit laust ark. «Han har same krøllene», seier læraren. «Og augo.» Munnen har eg ikkje teikna enno, ikkje nasen heller, berre ansiktsforma og krøllene og dei brune augo som aldri ser meg. Augo på teikninga ser min veg. Dei er blinde for anna enn det eg vil at dei skal sjå. Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllane, verkar å vere interessert i Jonas' bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar bortsett frå Jonas sjølv? Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er. Atle Hansen (1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, men er kanskje mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009), Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020).
349,00 kr
Sider
77
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006661
Atle Hansen
Om forfattaren

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.