- Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!
Apetryne er ei bok om vennskap, om forelsking, om å vere utanfor og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.
Atle Hansen er forfattar og musikar og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne.
Atle Hansen
(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).
Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.
Litterære prisar
Ordknappen 2013
For Flukt
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO