Åse-Marie Nesse
Åse-Marie Nesse (1934-2001) debuterte i 1970 og gav ut i alt tolv diktsamlingar. Ho var ein prislønt gjendiktar og hadde i ei årrekkje stilling som førsteamanuensis i tysk litteratur. I sitt virke kombinerte Nesse inngåande litteraturkunnskapar med unik formidlingsevne og poetisk skapingskraft. Åse-Marie Nesse var ein av våre mest folkekjære diktarar. Med stor formidlingsevne og eit formsikkert poetisk språk kombinerte ho klassisk europeisk danning og kunnskapar om vestleg mytologi med interesse for framande kulturar og religionar, framfor alt latinamerikanske. Forfattaren stod også for ei lang rekkje av gjendiktingar og er ein sentral formidlar av europeisk litteratur. Seinast fullførte ho gjendiktinga av heile Goethes Faust, med Faust II som kom ut til Goethe-jubileet og hausta strålande kritikkar. Åse-Marie Nesse har fått ei rad prisar for bøkene sine, og vart sommaren 2001 kåra til riddar av St. Olavs Orden. Prisar og utmerkingar: Bastianprisen, 1967 Sarpsborgprisen, 1976 Sunnmørsprisen, 1978 Stavanger Aftenblads kulturpris, 1981 Ønskediktprisen, 1981 Klepp kommunes kulturpris, 1992 Den tyske æresordenen Bundesverdienstkreuz, 1993 Førstepremie i konkurranse om gjendikting av Shakespeare-sonett, 1998 Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela, 1999 Doblougprisen, 1999 Bokklubbenes skjønnlitterære oversetterpris, 1999 Nynorsk litteraturpris for 1999 Riddar av St. Olavs Orden, 2001
Litterære prisar
- Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 1999
- Doblougprisen 1998
- Sunnmørsprisen 1978
Vis alle prisaneVis færre prisar
Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 1999
Doblougprisen 1998
Sunnmørsprisen 1978
Litteraturprisen 1978
Sarpsborgprisen 1976
Bastianprisen. Voksen 1967
Utgivingar av forfattaren
Åse-Marie Nesse var ein av våre mest folkekjære diktarar. Ho henta inspirasjon frå alt frå religiøse tekstar, mytologi og klassisk europe...Lyslandet: dikt i utval : 1970-2000
Åse-Marie Nesse var ein av våre mest folkekjære diktarar. Ho henta inspirasjon frå alt frå religiøse tekstar, mytologi og klassisk europe...Lyslandet: dikt i utval : 1970-2000
Gjennom innsiktsfulle lesingar kastar poeten og gjendiktaren Åse-Marie Nesse lys over forfattarskapar frå verdslitteraturen. Her er tolki...Artiklar om litteratur
Maisguden lyser i natta: meksikanske dikt
Men du syng, Irina
Diktsamlinga inneheld dikt som er skrivne til forskjellige merkedagar.
