Artiklar om litteratur
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Artiklar om litteratur

Gjennom innsiktsfulle lesingar kastar poeten og gjendiktaren Åse-Marie Nesse lys over forfattarskapar frå verdslitteraturen. Her er tolkingar av verk av norske forfattarar som Arne Garborg, Olav Nygard og Ragnhild Jølsen og diktarar frå tysk, spansk og engelsk språkområde, som Nelly Sachs, Johann Wolfgang von Goethe, Octavio Paz og Herman Hesse. Vi er glade for å kunne heidre og minnast Åse-Marie Nesse med denne artikkelsamlinga.

449,00 kr
Åse-Marie Nesse
Om forfattaren

Åse-Marie Nesse

Åse-Marie Nesse (1934-2001) debuterte i 1970 og gav ut i alt tolv diktsamlingar. Ho var ein prislønt gjendiktar og hadde i ei årrekkje stilling som førsteamanuensis i tysk litteratur. I sitt virke kombinerte Nesse inngåande litteraturkunnskapar med unik formidlingsevne og poetisk skapingskraft. Åse-Marie Nesse var ein av våre mest folkekjære diktarar. Med stor formidlingsevne og eit formsikkert poetisk språk kombinerte ho klassisk europeisk danning og kunnskapar om vestleg mytologi med interesse for framande kulturar og religionar, framfor alt latinamerikanske. Forfattaren stod også for ei lang rekkje av gjendiktingar og er ein sentral formidlar av europeisk litteratur. Seinast fullførte ho gjendiktinga av heile Goethes Faust, med Faust II som kom ut til Goethe-jubileet og hausta strålande kritikkar. Åse-Marie Nesse har fått ei rad prisar for bøkene sine, og vart sommaren 2001 kåra til riddar av St. Olavs Orden. Prisar og utmerkingar: Bastianprisen, 1967 Sarpsborgprisen, 1976 Sunnmørsprisen, 1978 Stavanger Aftenblads kulturpris, 1981 Ønskediktprisen, 1981 Klepp kommunes kulturpris, 1992 Den tyske æresordenen Bundesverdienstkreuz, 1993 Førstepremie i konkurranse om gjendikting av Shakespeare-sonett, 1998 Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela, 1999 Doblougprisen, 1999 Bokklubbenes skjønnlitterære oversetterpris, 1999 Nynorsk litteraturpris for 1999 Riddar av St. Olavs Orden, 2001