Lars Mæhle


Foto: Tove K. Breistein
Last ned portrett

(f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar. Les meir på forfattarens eiga heimeside!

Bøker av Lars Mæhle